90 års-jubileum 2020 – historiehefte

Førde sementvare feira 90 års-jubileum 1. februar 2020. Dette markerte vi med å gje ut eit FS-magasin, eit historisk hefte, arrangere fest for tilsette og samarbeidspartar og med å gje ei gåve til Kreftforeningen.

Frå tidlegare jubileum har vi boka Førde sementvare 1930 – 2000, ført i pennen av Finn Borgen Førsund

På sida Om oss finn du meir frå historia vår.

Klikk på heftet for å lese innhaldet

Førde Sementvare As vart grunnlagt i 1930.
Sidan oppstarten har bedrifta vore innom ulike verksemder; takstein, blokkstein, røyr, ferdigbetong, asfalt og element. Med moderne produksjonsutstyr, høgt kvalifisert arbeidskraft og eit godt arbeidsmiljø står vi sterkt i konkurransen.

Bedrifta er i dag eigd av Opseth Invest As. Førde Sementvare As ligg på Bruland i Førde.

Kvalitet
Bedrifta produserar til ei kvar tid etter gjeldande reglar, og har eit godt etablert kvalitetssikringssystem. Vi er godkjend av Kontrollrådet for betongprodukt, er godkjend som lærebedrift og har sentral godkjenning for ansvarsrett.

Miljøvennleg
Vi nyttar naturprodukt i vår produksjon, og leverer eit ferdig produkt som ikkje forureinar naturen. Materialer som er nytta kan resirkulerast, totalt sett vil betongelement vere eit miljøvenleg byggemateriale, både på kort og lang sikt.

Totaløkonomi
Vi ynskjer å levere eit produkt som for kunden gjev den beste totaløkonomien. Vi er aktive i utviklinga av nye løysningar og produkt, og vi vil sikre dykk som kunde eit framtidsretta prosjekt som ivaretek dei forventningar de har.