Seljar? Vi treng deg!
Ledig stilling – Førde
Ledig stilling – Førde
Likar du å utfolde dine tekniske kunnskapar og tilby gode løysingar til kunde? Då er dette den perfekte jobben for deg! Bli seljar i ei av Sunnfjords største bedrifter!
Vår trufaste seljar Ståle, som vi har hatt gleda av å ha hos oss i 43 år, går av med pensjon. Vi treng derfor nye krefter på laget. Gjennom jobben vil du bli ein del av eit selskap som er ein leiande produsent og leverandør av betongvarer. Du vil bli ein del av ei 93 år gamal historie, i eit solid familieeigd industriselskap og ei hjørnesteinsbedrift i kommunen som tar sats inn i framtida.
Som seljar på avdelinga for vatn- og avløp vert du ein del av ei avdeling med 15 tilsette, og 1 av 2 seljarar som skal dekke hovudmarknadsområdet vårt på Nord-Vestlandet. Du vil ha arbeidsplass i Førde med ansvar for den sørlege delen av marknadsområdet.
Vi har klare ambisjonar om å utvikle oss vidare og ser etter deg som kan vidareføre og utvikle salsarbeidet i avdelinga for vann og avløp. På laget får du briljere med dine relasjonsferdigheiter og engasjement for sal. Du får god anledning til påverknad og utvikling av jobben, samt moglegheit for fagleg påfyll undervegs.
Stillinga vil gje deg
Vi ser etter
Vi håpar denne traff deg!
Er du usikker på om det er deg – eller du har spørsmål – ikkje nøl med å ta kontakt med oss og vår leiar Erik Solheim, på mobil 917 39 262.
Søknad sendast til erik@fsement.no
Vi håpar å høyre frå deg!
Meir info og annonser i andre medier: