100.000 i jubileumsgåve til kreftforsking

Vi støtter kreftforeningen

Kreftforeningen sin Instagramstory, etter at dei mottok gåve på kr 100.000 frå Førde sementvare.

I samband med 90-årsjubileet ønskte Førde sementvare AS å donere pengar til ei viktig sak. Dei gir difor 100.000 kronar til Kreftforeningen si innsamlingsaksjon Krafttak mot kreft – som i år måtte avbryte bøsseaksjonen grunna koronaviruset.

– Dette er ei svært raus gåve som Førde sementvare gir i samband med deira jubileum. Vi i Kreftforeningen er utruleg takksame og pengane kjem godt med, seier distriktssjef Geir Vangsnes.

I desse dagar pågår den årlege innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft 2020, som samlar inn midlar til forsking på kreftformar som få overlever.

– På grunn av koronasituasjonen blei aksjonen heil-digital og vi ligg difor an til å samle inn under halvparten av det vi hadde sett som mål å få inn til denne viktige forskinga, fortel Vangsnes.

– Å bli ramma av ein kreftform med lav overleving, fører ofte til stor frykt og uvisse. Lungekreft og bukspyttkjertelkreft er eksemplar på slike kreftformar. Berre ti prosent overlever bukspyttkjertelkreft og tjue prosent overlever lungekreft. Dette ønsker vi å gjere noko med.

Fleire skal overleve kreft

Forsking er det området Kreftforeningen brukar mest penger på. Gåver til Kreftforeningen dei siste ti åra har gjort det mogleg å bevilge over 5 milliardar til kreftforsking.

– Det er fint å kunne bidra inn i Kreftforeningen sitt viktigaste mål, nemleg at fleire skal overleve kreft. Dei kreftformene med dårlege odds treng eit løft. Då er meir kunnskap og forsking avgjerande. Dette ønsker vi å vere med å støtte, fortel dagleg leiar i Førde sementvare, Lasse Opseth.

Han har leia Førde sementvare i 25 år og 90-årsjubileet vart feira 1. februar som er sjølve dagen bedriften vart starta.

– Det har vore ei spennande og lærerik reise, og vi ser lyst på framtida. Samstundes er det godt å kunne bidra inn til ei viktig sak slik som kreftsaka, dette kjem oss alle til gode, seier Opseth.

FAKTA:

Krafttak mot kreft:

  • Hvert år får om lag 34 000 nordmenn kreft. Det vil si at over 90 personer får en kreftdiagnose hver dag.
  • Kreftforskning har bidratt til at nærmere 75 prosent av nordmenn overlever sin kreftsykdom, og blant noen kreftformer overlever så mange som 90 prosent.
  • Bare to av ti overlever lunge-, galleblære-, lever- og spiserørskreft og én av ti overlever bukspyttkjertelkreft. Derfor trengs det mer forskning på disse kreftformene.
  • I årets aksjon samler vi inn penger til forskning for at flere skal overleve kreftformene som i dag har høy dødelighet, samt at de som rammes skal få gode tilbud og oppfølging.
  • www.krafttakmotkreft.no

Førde Semenetvare AS:
Vart grunnlagt i 1930 av Karl Opseth.
Sidan oppstarten har bedrifta vore innom ulike verksemder; takstein, blokkstein, røyr, ferdigbetong, asfalt og element. Med moderne produksjonsutstyr, høgt kvalifisert arbeidskraft og eit godt arbeidsmiljø står bedrifta sterkt i konkurransen etter 90 år.

Førde Sementvare - www.fsement.no