Historia om Førde Sementvare

Om oss

Over 90 år med stabil vekst

Førde Sementvare har hatt ein stabil vekst sidan 1930 – og er ei av dei eldste bedriftene i Førde. Forklaringa på at ein har klart å skape ein solid arbeidsplass gjennom fleire generasjonar har sitt utgangspunkt i grunnleggaren Karl Opseth.

Såg moglegheitene
Den samfunnsengasjerte anleggsarbeidaren såg behovet og moglegheitene med sandressursane i Førde. Gjennom nitidig arbeid klarte han for over 90 år sidan å legge grunnlaget for ein sementvarefabrikk, som leverte etterspurte betongvarer og skapte viktige arbeidsplassar.

Stabil leverandør
Dette har familien og dei tilsette klart å vidareføre gjennom 90 år, ved å bygge opp eit godt omdømme gjennom hardt arbeid. Førde Sementvare har tilpassa seg marknaden – og heile tida vore ein stabil leverandør, med god inntening. Ein avgjerande del av dette bildet er ein stabil arbeidsstokk. Folk som jobbar her fortel om eit godt arbeidsmiljø – og mange av dei tilsette har vore her i både 20, 30 og 40 år.

Samfunnsbyggar
Sementvarefabrikken har vore ei drivkraft og ein viktig samfunnsaktør i Førde og distriktet. Betongvarene viser godt igjen i utviklinga av Sunnfjord, både innan veg, vatn og avløp – og ikkje minst bygningar. Ein tilpassingsdyktig og stabil arbeidsplass med rundt 75 tilsette har vore viktig for Førde i alle desse åra. Gjennom heile si lange historie har bedrifta vore opptatt av å utvikle nye løysingar og produkt, og å levere etter avtale.

Jobbar saman
Førde Sementvare har heile tida vore i familien Opseth sitt eige, og dei tilsette har vore svært lojale og kan vise til høg arbeidsmoral. At eigarane og dei tilsette har drege lasset godt i lag – er den viktigaste faktoren for at ein i februar 2020 feira 90-års jubileum.