Opseth Invest / Førde Sementvare kjøper

Stryn Betong AS og aktiva i Stryn Betongelement

Bakgrunnen for kjøpet er Førde Sementvare sitt behov for meir produksjonskapasitet då arealet i Førde ikkje har vidare utviklingsmoglegheiter. Ein har over tid hatt dialog med Hoddevik Eiendom AS om kjøp av aktiva i Stryn Betongelement og Stryn Betong AS.

Bakgrunnen for at ein òg kjøper Stryn Betong er at Stryn Betongelement er avhengig av dette selskapet for levering av betong, og at dei står som eigar av eigendommen.

Vår intensjon er, saman med dei tilsette, å utvikle eit solid og framtidsretta selskap.

Førde / Loen, 1. september 2020

Lasse Opseth

Tlf. 90 86 34 76