Eigarforhold – Førde Sementvare

Om oss

Eigarskap, visjon og verdiar
Det er 90 år sidan, Karl Opseth, starta Førde Cementvare­fabrik med produksjon på Steinen i Førde. Sidan oppstarten med innleigd rørstampe og taksteinmaskin har det skjedd mykje, og heile historia kan ein lese om i boka Førde Sementvare 1930 – 2000, og hefte som beskriv utviklinga dei 20 siste åra.

3. generasjon
Lasse Opseth har som tredje generasjon leia selskapet dei siste 25 åra. Førde Sementvare  er eigd av Opseth Invest AS, som han eig saman med sine born, Andrea og Kristian.

Lasse Opseth - Førde sementvare