Prefabrikkerte tunnelportalar forenklar jobben

Gerhard Ornstein, som er driftsleiar innan betong hos entreprenøren Hæhre har berre godord å komme med om samarbeidet med element-avdelinga hos Førde Sementvare. I 2020 leverte dei prefabrikkerte tunnelportalar på Blakset og Flo i Stryn.

Det er rett og slett triveleg å samarbeide med Førde sementvare, fordi dei er så imøtekommande – i tillegg til at dei leverer på den tekniske biten i alle ledd, skryter Gerhard. Dei tar seg av alt frå prosjektering og produksjon til montering og oppfølging.

Ferdig produkt

Tunnelportalar er byggverk som blir bygd i endane av fjelltunnelar, for å skjerme tunnelopningane mot rennande vatn og fallande snø, is, stein og jord. Ofte blir dette forskala og bygt på plassen, men med Førde Sementvare si løysing slepp ein den lange prosessen. Vi får eit ferdig produkt, som er kjapt å montere på plass, smiler Gerhard.

Lita tid

Byggetid er eit avgjerande moment i alle byggesaker. Vi har alltid lita tid, men med desse prefabrikkerte portalane får vi opna tunnelane for trafikk mykje kjappare. Driftsleiaren hos Hæhre fortel at dei i tillegg til portalane har montert tekniske bygg i tunnel-ane, frå Førde Sementvare.