40 år med elementproduksjon i Loen

I september 1981 var det oppstart av elementproduksjon i Lovik i Loen. Brørne Rasmus og Kjell Sunde stod bak satsinga. Plasseringa er den same som i dag, men mykje har skjedd sidan den gong.

Arve Auflem med frå start

Arve Auflem var med i produksjonen frå dag ein, og han har framleis ei sentral og viktig rolle fabrikken, med ansvar for blanding av betong til elementa og kvalitetskontroll av formene før støyp.

Frå handemakt til maskiner

Den første tida vart elementa frakta frå produksjon til lager med traktor og hengar, i dag er det traverskraner som får jobben gjort på ein brøkdel av tida. No kjem sementen inn med tankbilar, den gongen måtte sementsekkar lempast for hand i støv og skit. Der det før var benkar av finer, er det i dag stort sett vippebord av stål. At Stryn Betong vart samlokalisert med elementfabrikken i 1986 la til rette for auka produksjon og effektivitet – med betong levert direkte frå deira blandeverk.

Elementa frå Loen finn ein igjen over store delar av landet. Tyngda har likevel vore i tidlegare Sogn og Fjordane, Sunnmøre og regionen austanfor Strynefjellet. Dei første prosjekta med litt storleik vart levert i 1982 til Olden. Der leverte vi verkstadbygg til Sunde Auto, Sunde konfeksjon og Coop bygget.

Prestisjeprosjekt med knappe fristar

Av prosjekt hugsar Arve spesielt godt meieribygget på Byrkjelo i 1995 og Color Line Stadion i 2004/2005. Stadionet i Ålesund var eit prestisjeprosjekt for fabrikken i Loen. Arve minnes knappe fristar og mykje overtid, då dåverande dagleg leiar Gunnar Skarstein uttalte at; «han ikkje skulle lese i Sunnmørsposten at vi ikkje klarte leveringstidene!».