Komplette tekniske bygg

Kjapt og godt levert 

– Imponerande kunstbetong i Lærdal 

Jonny Dag Sunde er annleggsleiar for betongarbeid hos Mesta, og jobbar med dei mange tekniske bygga til tunnelane, som Førde Sementvare leverer. – Dei leverer godt, fortel han, på både pris og kvalitet. Og ikkje minst så leverer dei til avtala tid. 

Det er mykje oppgraderingar i tunnelar no, og Førde Sementvare kan saman med Mesta vise til leveringar til Hovdetunnelen i Høyanger, Håklepptunnelen i Boknafjorden, Kvernbergtunnellen i Førde, Tussviktunnelen mellom Høyanger og Balestrand og ikkje minst Selta- og Borgundstunnelen i Lærdal.

 

Kjapt og enkelt 

Vi får levert komplette bygg frå Førde Sementvare, som kjapt blir montert på staden. Dette sparar oss for mykje tid, og ikkje minst blir det mykje mindre stengingar enn om dei skulle støypast på plassen. Tid er som kjent pengar.

 

Imponerte med kunstbetong 

Tunnelane i Lærdal skil seg klart ut frå dei andre, ved at det er fleire bygg, både inne i og utanfor tunnelane – og i tillegg er det eit kunstprosjekt. Relieff av kunstverk vart støypte inn i betongflatene, og dette hadde verken Mesta eller Førde Sementvare vore borti før. Det blei veldig tøft, og resultatet vart mykje betre enn både eg og kunstnaren hadde forventa.

 

Satsar på nye felles prosjekt 

Vi reknar stadig på nye anbod, fortel Jonny Dag – og vi håpar sjølvsagt på å ha Førde Sementvare med som leverandør. Vi må berre vinne anboda først, smiler han fornøgd.