Erik Bjørløw Dye • ny styreleiar

Erik Bjørløw Dye (72) er valt som ny styreleiar i Førde Sementvare AS.

Den nye styreleiaren er jurist og har allsidig industri og leiarerfaring frå mellom anna Norsk Hydro og Basal AS. Han er ein av dei i landet som kjenner VA-bransjen best. Han har nyleg gått av – etter 19 år – som administrerande direktør i Basal – les meir i VA-forum.

Erik Bjørløw Dye har skrive og gitt ut 3 bøker om styrearbeid via forlaget Hegner Media. Han bur i Fredrikstad, er gift og har 2 vaksne barn.

Vi er glade for å få Erik med på laget i arbeidet med å utvikle Førde Sementvare AS for framtida.

Førde, 11. juni 2020

Lasse Opseth
-dagleg leiar-

Erik Bjørløw Dye, styreleiar Førde Sementvare