Saman om sand og sement

Magne Hafstad AS

Vi har samarbeidd med Førde Sementvare i 40 år, fortel Magne Hafstad, som har drive sitt eige entreprenørfirma sidan 1979. Den gongen starta han med ei gravemaskin og ein lastebil – i dag har han 43 personar i arbeid, og tar på seg oppdrag over store delar av Vestlandet. 

Når vi leverer anbod til kommunane og Statens Vegvesen hentar vi alltid inn prisar på kummar og rør frå Førde Sementvare. Då dei dreiv med asfalt, var vi også ein stor kunde på det feltet. Det var faktisk vi som bygde vegen fram til asfaltverket, på oppdrag frå kommunen – så vi har alltid hatt mykje med kvarandre å gjere, smilar ein fornøgd entreprenør.

Konkurransedyktige
Førde Sementvare leverer på både pris og kvalitet, og vi har til dags dato ikkje hatt reklamasjon på varene derifrå. Vi hentar av og til prisar inn frå andre, og vi ser at Førde Sementvare er absolutt konkurransedyktige.For oss er det i tillegg veldig lettvint at dei er så nære oss. Treng vi noko så er det berre å køyre til Bruland og hente.

Sand – ein viktig ressurs
Det er etterkvart blitt meir og meir plastrøyr på marknaden, fortel Hafstad, men i dei stor dimensjonane og til kummar er det betong som gjeld. Førde har store sandressursar og det er naturleg at bedrifter som Førde Sementvare og Magne Hafstad har etablert sine verksemder her. Begge føretaka har eigne sandtak og utnyttar ein viktig Førde-ressurs.

Store prosjekt saman
Til VA-anlegg (vatn og avløp) og veganlegg er Førde Sementvare den viktigaste samarbeidsparten vår, seier Magne Hafstad. Spesielt når det er snakk om overvatn, og det er snakk om store dimensjonar, er dei ein viktig leverandør. Riksveg 60, Holen i Nordfjord, var eit stort prosjekt der Førde Sementvare leverte mykje både kummar og rør. Magne Hafstad trekkjer og fram Hafstadparken i Førde, som eit stort og viktig prosjekt. Det var ein stor jobb, basert på eit godt samarbeid.