Kunstbetong til teknisk bygg

Kunstbetong ved Seltatunnelen i Lærdal - fsement.no

Tekniske bygg er eit viktig produkt i vår portefølje og leveranse på to bygg til Lærdal, Seltatunnelen, var noko utanom det vanlege.

Plasseringa til bygga gjorde at kunden ville gjere litt meir ut av fasaden og la fram eit ønske om kunstbetong. Ei spennande utfordring, med element som krev litt ekstra både i produksjon, under frakt og ved montasje. Overflata må vere plettfri og mønsteret på dei ulike elementa skal klaffe saman.

Trykket er det kunstnarar som står for og inspirasjonen er henta frå faunaen rundt bygga og historia til Lærdal.

Vi gler oss til bygget er ferdig og vi får sjå det endelige resultatet!