Paviljongen – den nye samlingsplassen i Førde

Artikkel i Firda 18. mai 2021:

Nyleg gjorde Førde Sementvare og entreprenør Terje Sunde seg ferdig med sjølve paviljongen. Den er mellom anna laga av betongelement og restestøyp frå sementvarefabrikken.

Vi er stolte av å vere med på eit slikt spennande prosjekt i Førde sentrum. «Meieriplassen» skal bli den nye møteplassen i Førde, og er komt i stand ved hjelp av mange forskjellige aktørar. Både bedrifter, skuleklassar, ungdommar og pensjonistar jobbar saman for at dette skal bli ein suksess.

Førde Sementvare har saman med entreprenør Terje Sunde laga den tempel-aktige betongpaviljongen. Meieriplassen er utforma av arkitektkontoret Studio HUG, og mange skal jobbe saman før den er klar for bruk til sommaren.

  • Klasse 1A ved Førde barneskule har måla gesimsen på paviljongen.
  • Kunst, arkitektur og design-elevar på Hafstad vgs. har laga betongflisar.
  • Elevar på naturbruk på Mo og Øyrane vgs. held på å dyrke fram planter som skal stå i plantekasser.
  • Bruland trevareindustri har donert pallekarmar til plantane.
  • Pensjonistar skal bygge reiskapsbod.
  • Reodorklubben produserer benkar.
  • Sunnfjord Elektro skal montere lys.
  • Klesmerket Wizard lagar arbeidsglede til dei som skal ha sommerjobb her.
  • Naturvernforbundet / Vie andelslandbruk v/Marit Bendz skal rettleie ungdommane i urban hagedyrking.
  • Planen er også å få til ladeplass og gratis wifi.