Lager og produksjonsmedarbeidarar i Loen

Førde Sementvare AS avd. Stryn Betongelement er ein produsent av betongelement til bygg og anleggssektoren. Avdelinga er lokalisert i Loen i Stryn kommune. Vi tilbyr både konstruksjon, produksjon og montasje av alle typar slakkarmerte element i betong og har heile landet som marknadsområde.

Vi søker etter medarbeidarar til element-lager og til produksjon ved vår fabrikk i Loen

Arbeidsoppgåver:

Element-lager

  • Utkøyring av betongelement til lager. Lasting/lossing av bil
  • Koordinere transport av element til byggeplass
  • Måling og flikking av element
  • Sluttkontroll
  • Andre oppgåver i elementproduksjon

Produksjon

  • Forskaling, armering
  • Sveising, jernbinding
  • Støyping
  • Kontroll

Kompetanse ynskje:

  • Utdanning/erfaring innan betongfaget
  • Kompetansebevis/erfaring i bruk av traverskran, G11/G4
  • Erfaring frå lager/logistikk
  • Sveising
  • Anna relevant erfaring

Om deg:

  • Fokus på sikkert arbeidsmiljø
  • Fokus på kvalitet og orden
  • Arbeidar godt sjølvstendig og saman med andre
  • Engasjert, løysningsorientert og har godt humør
  • Du må snakke godt norsk

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø i ei solid bedrift med god utvikling
  • Lønn iht. bedrifta sitt regulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, AFP ordning
  • Kompetanseheving

Søknadsfrist: 15. februar 2022, men søknadar vurderast fortløpande.

Søknad og CV sendast til: Karin Kleppe karin@fsement.no  tlf. 938 56 025.