VA

Kommunale anlegg i Florø 2015/2016.

Florø har alltid vore ein viktig arena for Førde Sementvare. Avstand Førde – Florø er på om lag 6 mil, så dette er ein praktisk og grei avstand knytta til  levering av betongvarer.
Maskinentreprenør Trygve Ullaland As frå Florø vann fram på to anlegg  og Entreprenørservice As frå Førde fekk på plass eitt anlegg med  Flora kommune som byggherre. Dette var på ettersommaren 2015 og på alle desse prosjekt  var det Florø Rør As som fekk rørleggararbeidet. Dei kommunale anlegga er betegna som Auklandsvegen, Leirvåggata/Hamregata og VA-anlegg Torggata.

Førde Sementvare  blei valgt som leverandør til Florø Rør. Dei  er eitt av fleire rørleggarfirma i Florø som vi har hatt  samarbeid med igjennom tida. Anlegga som har gått av stabelen i 2015/2016 har hatt innhald av tradisjonelle betongløysingar knytta til Basal-produkt. Stikkord er sandfangkummar, vannkummar, rennekummar til spillvatn/overvatn, gategods og stigar. 
Vi takkar Florø Rør for oppdraga  og ser fram til nye prosjekt i Florø.

Fv548 Krokavegen – Nygård

Flora kommune har lagt opp til utbygging av Fv548 Krokavegen – Nygård. Mesta vann anbodskonkurransen og kom i gang med arbeidet vinteren 2015. Førde Sementvare har på nytt levert rør og kummar i betong til Mesta. Dette er fordelt på vatn-, overvatn- og spillvannskummar i betong. Ein del av utfordringa til entreprenør har vore å ivareta VA til nærliggande bustader i anleggstida. Nært samarbeid og kort leveringstid på kummar er ein viktig faktor i arbeidet. Gang- og sykkelvegen saman med bilveg vil ta seg godt ut og høge murar med basis i naturstein slår aldri feil.

Utskifting av stålrenner

066.jpg

Kveen Anlegg har skifta ut gamle stålrenner med betongrør i Hyestranda og Ålfotdalen

E39 Lavik Fergekai

Griserumpa i Lavik er historie.
Fergestrekning E39 Lavik – Oppedal over Sognefjorden er ein av dei mest belasta ferjestrekningane i Norge og oppdatering knytta til kapasitet på overfart og oppsstillingsplassar har lenge vore tema. «Griserumpa» ned mot ferjekaia er no borte og ny innkøyring med tilhøyrande utvida kai gjer at ein no får konsentrert oppstillingsplass for 125 bilar der ein slepp å bruke deler av E39 til kø. Spesielt ved høgtider som jul og påske har hovudtrafikken Bergen via Førde mot Trondheim vore hemma av denne flaskehalsen.
I desember 2014 vart deler av prosjektet teke i bruk og det er no tre ferjer på strekninga, ei av desse har el-drift. 
Hovudentreprenør er NCC som har byggjer  kai. Underenterprenør og vår kunde er Per A. Øren Entreprenør AS.
Anlegget er fortsatt under bygging og når  ein går inn i sluttfasen har Førde Sementvare AS  levert 150 meter betongrør til utsleppsleidning; ø600mm, ø1400mm og 1600mm med rennekummar i betong som «knekkpunkt», ca 60 betongsandfang og andre tilpassingsdeler. 
No snakkar politikarane om fergefri forbindelse, men bileta talar for seg: det er  langt over Sognefjorden….

E16 Borlaug - Smedalsosen, Filefjell

HPIM0665.jpg

Vegprosjektet i Lærdal har vore under utføring frå 2011 -2014. Hovudentreprenør var Mesta og  underentreprenør og vår kunde har vore K. A. Aurstad AS. 
Vi har tidlegare levert betongrelaterte produkt til E-16 i sjølve Lærdalsdalen, og dette er vidareføring av veg frå Borlaug mot Filefjell  til Oppland grense.  Totalt er det bygt ca 11 km ny veg der ein 4 km lang tunnel inngår. Det er og bygt sidevegar, gang- og sykkelvegar og bruer.
Til anlegget har Førde Sementvare AS levert i overkant 2000 meter betongrør og totalt 200 stk sandfang- og trekkekummar
Det er allereie starta opp arbeid med vidareføring av 20 km  veg  over Filefjell. Dette skal vere hovudvegen imellom aust og vest og den skal bli vinteråpen. 
Når Statens vegvesen byggjer Europaveg er kvalitet og estetikk viktig, så dette lovar godt for betongbransjen.


Hafstadparken

Betongvarer til Hafstadparken, Førde

Førde kommune står bak utbygginga av Hafstadparken i Førde. Dette er eit område rett aust for Førde sentrum der det først og fremst er fokus på idrett med fleire baner for fotball og sandvolleyball. Der skal og byggast ut område for baner til  isleik/ski og andre kulturelle aktivitetar. Utførande entreprenør er Magne Hafstad AS. 
Førde Sementvare er leverandør av betongkummar og rør til anlegget. Nordplan har konsulentoppdraget for Førde kommune.

Parken grensar inn til elva Jølstra og ein slikt park  krev mykje vatn til teknisk drift og det er og snakk om reservevatn for fylling av tankbilar.
Nordplan i samarbeid med Førde kommune og Førde Sementvare laga til planer for pumpebrønn. Denne er i diamameter 2400mm og har ei totalhøgde på 6 meter der 3,5 meter ligg under vassnivå Jølstra. Konsulent har beskreve kum med store mengder hol for innlekking av vatn og denne har Førde Sementvare  levert med 220 stk ø52 mm hol fordelt på deler av kummen som ligg under vatn. Mellomdekke skal sikre at ein kan opphalde seg i kummen utan at ein har dykkersertifikat…
Det er svært viktig at massane rundt kummen ikkje tettar seg til og derfor er det brukt store mengder med pukk og stein/grovpukk  i tillegg til fiberduk. Så gjenstår det og sjå om pumpe som skal suge opp vatn får nok tilsig slik at  anlegget fungerar i framtida. Alt ligg til rette for at dette vil gå bra.

Bremanger 2

Betongvarer til veganlegget Bremanger 2

Førde Sementvare har levert betongrør og betongkummar til anlegget.

Utførande entreprenørar Mesta og K A Aurstad

Busslomme med ledelinje og faskant

Ålesund Lufthavn, Vigra

Betongvarer til Ålesund Lufthavn, Vigra

Førde Sementvare har levert betongkummer til flyplassen.

Utførande entreprenør K A Aurstad

Moengården vest, Nordfjordeid

Førde Sementvare har levert betongkummer og betongrør til Moengården.

Utførande entreprenør: Per Røyrhus AS.

Gang og sykkelveg Nordfjordeid

Betongvarer GSV, Nordfjordeid

Førde Sementvare har levert betongrør til anlegget.

Utførande entreprenør er Lars Kveen a.s

Kvivsvegen

Betongvarer til Kvivsvegen

Førde Sementvare har levert betongkummar og betongrør til dette prosjektet.

Utførande entreprenørar har vore K. A. Aurstad og Volda Maskin

Ålfoten Trafostasjon

Betongvarer til kraftutbygging

Førde Sementvare har levert betongrør og kummar til K. A. Aurstad, som har hovudentreprisen på utbygging av transformatorstasjon i Ålfoten.