E39 Lavik Fergekai

Griserumpa i Lavik er historie.
Fergestrekning E39 Lavik – Oppedal over Sognefjorden er ein av dei mest belasta ferjestrekningane i Norge og oppdatering knytta til kapasitet på overfart og oppsstillingsplassar har lenge vore tema. «Griserumpa» ned mot ferjekaia er no borte og ny innkøyring med tilhøyrande utvida kai gjer at ein no får konsentrert oppstillingsplass for 125 bilar der ein slepp å bruke deler av E39 til kø. Spesielt ved høgtider som jul og påske har hovudtrafikken Bergen via Førde mot Trondheim vore hemma av denne flaskehalsen.
I desember 2014 vart deler av prosjektet teke i bruk og det er no tre ferjer på strekninga, ei av desse har el-drift. 
Hovudentreprenør er NCC som har byggjer  kai. Underenterprenør og vår kunde er Per A. Øren Entreprenør AS.
Anlegget er fortsatt under bygging og når  ein går inn i sluttfasen har Førde Sementvare AS  levert 150 meter betongrør til utsleppsleidning; ø600mm, ø1400mm og 1600mm med rennekummar i betong som «knekkpunkt», ca 60 betongsandfang og andre tilpassingsdeler. 
No snakkar politikarane om fergefri forbindelse, men bileta talar for seg: det er  langt over Sognefjorden….