Hafstadparken

Betongvarer til Hafstadparken, Førde

Førde kommune står bak utbygginga av Hafstadparken i Førde. Dette er eit område rett aust for Førde sentrum der det først og fremst er fokus på idrett med fleire baner for fotball og sandvolleyball. Der skal og byggast ut område for baner til  isleik/ski og andre kulturelle aktivitetar. Utførande entreprenør er Magne Hafstad AS. 
Førde Sementvare er leverandør av betongkummar og rør til anlegget. Nordplan har konsulentoppdraget for Førde kommune.

Parken grensar inn til elva Jølstra og ein slikt park  krev mykje vatn til teknisk drift og det er og snakk om reservevatn for fylling av tankbilar.
Nordplan i samarbeid med Førde kommune og Førde Sementvare laga til planer for pumpebrønn. Denne er i diamameter 2400mm og har ei totalhøgde på 6 meter der 3,5 meter ligg under vassnivå Jølstra. Konsulent har beskreve kum med store mengder hol for innlekking av vatn og denne har Førde Sementvare  levert med 220 stk ø52 mm hol fordelt på deler av kummen som ligg under vatn. Mellomdekke skal sikre at ein kan opphalde seg i kummen utan at ein har dykkersertifikat…
Det er svært viktig at massane rundt kummen ikkje tettar seg til og derfor er det brukt store mengder med pukk og stein/grovpukk  i tillegg til fiberduk. Så gjenstår det og sjå om pumpe som skal suge opp vatn får nok tilsig slik at  anlegget fungerar i framtida. Alt ligg til rette for at dette vil gå bra.