E16 Borlaug - Smedalsosen, Filefjell

HPIM0665.jpg

Vegprosjektet i Lærdal har vore under utføring frå 2011 -2014. Hovudentreprenør var Mesta og  underentreprenør og vår kunde har vore K. A. Aurstad AS. 
Vi har tidlegare levert betongrelaterte produkt til E-16 i sjølve Lærdalsdalen, og dette er vidareføring av veg frå Borlaug mot Filefjell  til Oppland grense.  Totalt er det bygt ca 11 km ny veg der ein 4 km lang tunnel inngår. Det er og bygt sidevegar, gang- og sykkelvegar og bruer.
Til anlegget har Førde Sementvare AS levert i overkant 2000 meter betongrør og totalt 200 stk sandfang- og trekkekummar
Det er allereie starta opp arbeid med vidareføring av 20 km  veg  over Filefjell. Dette skal vere hovudvegen imellom aust og vest og den skal bli vinteråpen. 
Når Statens vegvesen byggjer Europaveg er kvalitet og estetikk viktig, så dette lovar godt for betongbransjen.