Fordrøyningsanlegg

Førde Sementvare AS har frå 2015 og fram til sommaren 2017 levert  tre større rørbaserte anlegg i Sogndal kommune. Dette er til Sogndal helse- og omsorgssenter (ø1400 mm rør; 40 m3), Markavegen (ø 1200mm rør; 14 m3) og Kaupanger Bilverkstad (ø1000 mm rør; 50 m3). I tillegg er det levert om lag 20 stk fordrøyningskummar til tomter for enebolig. Desse er på om lag 1600 liter.

I fordrøyningsmagasina vert vatnet bremsa opp med bakgrunn i at utsleppsdiameter  er mindre enn tilsvarande på innløpssida.  Vatnet vert halde tilbake og avrenning med belastning på overvatnsnettet kan utførast i kontrollert tempo. Utslepp frå ei regnbyge vert fordelt over eit større tidsrom.  Ved å gå inn på www.basal.no og vidare til «Håndndtering av overvann» vil ein finne berekningsprogram til dette. Berekninga og vidare utføring må utførast av fagkyndige personar.

Ei utfordring med fordrøyningsmagasin er sedimentering. Når store mengder overvatn har høgt tempo, tek det med seg store og små partiklar som vil legge seg på i botn i magasina. Det er viktig at dette kan tømast. Biletet viser utløpselement  som er enden på eit ø1400 mm magasin. Her er det sett på ei ø650mm oppforing som er tilpassa flytande råme med lok. Igjennom denne kan ein så komme seg ned i kammer og suge opp slam. Dette gjeld og for fordrøyningskummar.

Ved å gå inn på BASAL sine heimesider finn ein meir utfyllande informasjon om temaet.