Kommunale anlegg i Florø 2015/2016.

Florø har alltid vore ein viktig arena for Førde Sementvare. Avstand Førde – Florø er på om lag 6 mil, så dette er ein praktisk og grei avstand knytta til  levering av betongvarer.
Maskinentreprenør Trygve Ullaland As frå Florø vann fram på to anlegg  og Entreprenørservice As frå Førde fekk på plass eitt anlegg med  Flora kommune som byggherre. Dette var på ettersommaren 2015 og på alle desse prosjekt  var det Florø Rør As som fekk rørleggararbeidet. Dei kommunale anlegga er betegna som Auklandsvegen, Leirvåggata/Hamregata og VA-anlegg Torggata.

Førde Sementvare  blei valgt som leverandør til Florø Rør. Dei  er eitt av fleire rørleggarfirma i Florø som vi har hatt  samarbeid med igjennom tida. Anlegga som har gått av stabelen i 2015/2016 har hatt innhald av tradisjonelle betongløysingar knytta til Basal-produkt. Stikkord er sandfangkummar, vannkummar, rennekummar til spillvatn/overvatn, gategods og stigar. 
Vi takkar Florø Rør for oppdraga  og ser fram til nye prosjekt i Florø.