Betongelement

Førde Sementvare as produserer betongelement til byggtekniske formål som forretningsbygg, lager, fjøs, bruer, leskur, rasoverbygg, kulvertar, grunnmurar, mm.
Betongelement har høg mekanisk styrke, er slitesterke og treng minimalt vedlikehald.

Kort byggetid
Bygg i betongelement sikrar kort byggetid, sidan prosjekteringsarbeidet og produksjonen pågår parallet med grunn- og fundamenteringsarbeid. I høve til tradisjonell støyping, gjev innandørs produksjon under kontrollerte tilhøve, høgare teknisk kvalitet og vesentleg betre overflate.

Låge kostnader
Kundar kan spesialbestille betongelement tilpassa sine behov, både når det gjeld form, farge og struktur. Elementa vert levert direkte på byggeplass og vert monterte av våre erfarne montørar. Det gjev ein økonomisk gevinst for kundane, då krava til riggplass, stillas og byggekranar vert minimale.

Totalt sett er betongelement eit fleksibelt byggemateriale som gjev låge investerings- og driftskostnadar for byggherren, samtidig som bygget får lengre levetid.

Bedrifta er godkjendt som lærebedrift, godkjendt av Kontrollrådet, og har sentral godkjenning for ansvarsrett.

Vi ynskjer å levere eit produkt som for kunden gjev den beste totaløkonomien.
Vi er aktive i utviklinga av nye løysningar og produkt, og vi vil sikre dykk som kunde eit framtidsretta prosjekt som inneheld dei forventningar de har.

Kva kan vi tilby?

  • rådgjeving
  • teikning og beskriving
  • dimensjonering
  • prosjektering
  • kalkulasjon
  • produksjon av betongprodukt
  • montasje
  • kontroll av eksisterande gjødselkjellar

Leveranse som sikrar god økonomi

Førde Sementvare er sertifisert av Kontrollrådet for betongprodukter og har sentral godkjenning for ansvarsrett.

Produktspekter:

  • Leskur
  • Dekker
  • Veggelement
  • Søyler
  • Bjelkar
  • Bruer
  • Felås
  • Kulvert
  • Rasoverbygg
  • Andre produkt

Her kan du sjå ein oversikt over våre referansar
Last ned brosjyrar og produktark

Ynskjer du meir informasjon?