Loftesnesbrui, Sogndal

Nyebrua i Sogndal er under bygging og utførande er Porr og Aurstad AS, sistnemnde er vår kunde.
Noverande bru vart bygd i 1958. Dagens krav til kurvatur og vegstandard ligg bak avgjerda om ny bru. Gamlebrua skal fjernast  etter at den nye er på plass.

Førde Sementtvare har levert relativt store mengder med sandfang-  og trekkekummar i tillegg til kommunale kummar som skal på plass.

Brua vert nok eit endå større landemerke  enn det som gamlebrua er.
 

1600 Betongrør Utvik

Etter flaumen i Utvik har Vinsrygg Maskin jobba med å utbetre skadane. Førde Sementvare har levert 1600mm betongrør til dobbelt kulvert. Betongrøra på bileta la Vinsrygg Maskin i løpet av en dag!

Fordrøyningsanlegg

Førde Sementvare AS har frå 2015 og fram til sommaren 2017 levert  tre større rørbaserte anlegg i Sogndal kommune. Dette er til Sogndal helse- og omsorgssenter (ø1400 mm rør; 40 m3), Markavegen (ø 1200mm rør; 14 m3) og Kaupanger Bilverkstad (ø1000 mm rør; 50 m3). I tillegg er det levert om lag 20 stk fordrøyningskummar til tomter for enebolig. Desse er på om lag 1600 liter.

I fordrøyningsmagasina vert vatnet bremsa opp med bakgrunn i at utsleppsdiameter  er mindre enn tilsvarande på innløpssida.  Vatnet vert halde tilbake og avrenning med belastning på overvatnsnettet kan utførast i kontrollert tempo. Utslepp frå ei regnbyge vert fordelt over eit større tidsrom.  Ved å gå inn på www.basal.no og vidare til «Håndndtering av overvann» vil ein finne berekningsprogram til dette. Berekninga og vidare utføring må utførast av fagkyndige personar.

Ei utfordring med fordrøyningsmagasin er sedimentering. Når store mengder overvatn har høgt tempo, tek det med seg store og små partiklar som vil legge seg på i botn i magasina. Det er viktig at dette kan tømast. Biletet viser utløpselement  som er enden på eit ø1400 mm magasin. Her er det sett på ei ø650mm oppforing som er tilpassa flytande råme med lok. Igjennom denne kan ein så komme seg ned i kammer og suge opp slam. Dette gjeld og for fordrøyningskummar.

Ved å gå inn på BASAL sine heimesider finn ein meir utfyllande informasjon om temaet.
 

Hogaåsen bustadfelt, Nordfjordeid

Det nye bustadfeltet på Eid er snart ferdigstilt. Utførande entreprenør: K. A. Aurstad.

Førde Sementvare har hatt leveransen av betongrør og betongkummar.

Oljeutskillar 20 l/s Digernes

Grunna sprekkdannelse og lekkasje vert eksisterande utskillar erstatta med Basal Oljeutskillar i betong. Utførande entreprenør er Busengdal Transport AS.

Ventilkammer for høgdebasseng Grodås

Førde Sementvare har levert ventilkammer med innvendige mål 2000x3000mm til anlegget.     Vår kunde er Kr. A. Vik.      Totalhøgda på kummen er 1700mm, og på toppen er det bygt eit overbygg i tre.       Kummen er vertikaldelt, og botnseksjonen veg 7,7 tonn.

 

Stikkrenne Tjørvåg

Førde Sementvare leverte betongrør til ny stikkrenne i Tjørvågen

Ny DN2000 betongrenne ferdig lagt

Ny DN2000 betongrenne ferdig lagt

Store nedbørsmengder laurdag kveld (23.8) gjorde at ei stikkrenne på fylkesveg 654 til Fosnavåg vart teken av flaumvatn. Førde Sementvare vart kontakta søndag kveld, og alt mandag vart dei fyrste betongrøra levert på staden. Hurtig betongrørleveranse og solid innsats frå entreprenør gjorde til at vegen kunne opnast att allereie onsdag.

Biletet viser inntaket til stikkrenna. 

Biletet viser inntaket til stikkrenna. 

Stikkrenna som vart skifta ut var ei gamal stålrenne, denne var tidligare forlenga motstrøms med DN2000 betongrør. Desse låg framles fint etter flommen.

Biletet viser nytt utløp

Biletet viser nytt utløp

Ny produksjonsmaskin frå Teksam

Produksjonsmaskina vart montert i juli 2014, og doblar kapasiteten vår på justeringsringar og betonglok. (Kapasitet på 160 stk justeringsringar pr dag). Heilautomatisk maskin med automatisk avforming av ferdig vare.  Maskina avgir vesentlig mindre støy under produksjonen.

Produksjonsmaskina vart montert i juli 2014, og doblar kapasiteten vår på justeringsringar og betonglok. (Kapasitet på 160 stk justeringsringar pr dag). Heilautomatisk maskin med automatisk avforming av ferdig vare. 

Maskina avgir vesentlig mindre støy under produksjonen.